nasjonaldyret

Fjellseminar på Lesja

BDMI – Bevar Dovrefjell mellom istidene inviterer til Fjellseminar på Lesja.

Onsdag 21. og torsdag 22. februar 2024
Tunstugu, Lesja bygdemuseum
Ope for alle. Gratis inngang.

På Litteraturhuset i Oslo 21. februar i fjor proklamerte BDMI villreinen som Noreg sitt nasjonaldyr. På dagen eitt år etter følgjer vi opp med «brainstorming» på Lesja. Onsdag 21. februar diskuterer vi utfordringar for villreinen og fjellområda. Korleis kan vi bidra til engasjement og løysingar? Torsdag 22. februar presenterer vi tre viktige fjellbøker.

Det skjer mykje på villreinarenaen for tida; tiltaksplanar i kjømda, stor mediamerksemd ikring grådyret og nye truslar i leveområda. Utbygging av hyttegrenda på Bjorli er tema på møtet og ordførar Mariann Skotte vil greie ut om planane for oss. I naboområdet Reinheimen er det store planar om vindkraftutbygging på Slådalen. Det er viktig at ein fylgjer godt med, er offensive og byggjer vidare på det viktige arbeidet BDMI har gjort og står for. Likeeins at ein ikkje gløymer utfordringane på Hjerkinn og i Torbudalen. Store kampar er også vunne – nemleg vern av Grøvu-vassdraget i Sunndal. I høve til 50-årsmarkeringa her er ei bok under arbeid. Den viser at det nyttar, når samhandlinga er god, at mange dreg i same retning – og at ein ikkje gjev opp. Men den ferske boka om Mardølaaksjonen av Marit Wadsten viser også at sjølv dette ikkje alltid er nok til å vinne fram. For reinen har diverre tapt store saker altfor ofte. Dette kjem også godt fram i boka «Kampen om Dovrefjell» av Svein og Yngvild Sæter. Romanen «Høgfjellsmeldinga» av Guri Sørumgård Botheim er ein ny type bidrag til reinen på Dovrefjell, som fangar mange fleire på to føter.

Korleis skal dei «nye vegane» våre sjå ut framover? Kanskje arbeidet må vera meir offensivt tiltaksretta og løysingsorientert? At vi må koma opp med fleire godt gjennomtenkte alternativ når vi blir konfrontert med inngripande planar i fjellet. Vi må også sjå og forstå behovet for verdiskaping i fjellbygdene våre.

Onsdag 21. februar, Tunstugu

Kl. 12.00 Opning ved Hans Erik Wold, leiar i BDMI.
Kl. 12.15 Innlegg ved Sverre Løvås: Tankar om hjartesaker for BDMI framover.
Kl. 12.45 Innlegg ved ordførar Mariann Skotte og plan- og miljørådgjevar Sigurd Alme, Lesja: Om utbyggingsplanen på Bjorli, tiltaksplanen og andre utfordringar i Lesja m.m.
Kl. 13.15 Spørsmål til ordføraren og plan- og miljørådgjevaren.
Kl. 14.00 Innlegg ved Guri Sørumgård Botheim: Engasjement for villreinfjella.
Kl. 14.30 Pause med kaffi og lokal naturvideo.
Kl. 15.30 Innlegg ved Per Jordhøy: Dovrefjell, kva no?
Kl. 16.15 Innlegg ved Svein Sæter: Dovrefjell som nasjonal identitet.
Kl. 17.00 Innlegg og avslutning ved Hans Erik Wold. Ordførarane i Lesja og Dovre signerer ratifikasjonsdokumentet om «Villreinen som Noreg sitt nasjonaldyr».

Torsdag 22. februar, Tunstugu

På dag to av fjellseminaret presenterer vi tre fjellbøker som handlar om naturverdiar og naturtap, respekt for naturen og engasjement.

Svein og Yngvild Sæter har skrive «Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem». Dette er ei bok om dei umåtelege naturverdiane som finst på Dovrefjell og kva som truar denne skattkista. Kva kan og må gjerast?

Marit Wadsten har skrive «Mardøla 1970. Aksjonen som endra Norge». Boka fortel historia om verdas første miljøaksjon med bruk av ikkjevaldeleg sivil ulydigheit. Striden for Mardalsfossen vart tapt, men endra norsk politikk og gav inspirasjon og lærdom til ettertida.

Villreinen dannar bakteppe for handlinga i romanen «Høgfjellsmeldinga» av Guri Sørumgård Botheim. Hovudpersonen Ragna får seg arbeid ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho kastar seg inn i kampen for villreinen og tek alle middel i bruk.

Kl. 11.00 Tre viktige fjellbøker. Korleis kan dei brukast til å skapa engasjement?
Kl. 11.10 «Kampen om Dovrefjell» ved Svein Sæter.
Kl. 11.30 «Mardøla 1970» ved Marit Wadsten.
Kl. 11.50 «Høgfjellsmeldinga» ved Guri Sørumgård Botheim.
Kl. 12.10 Pause med kaffi.
Kl. 12.30 Debatt med forfattarane og salen: Korleis nå ut til politikarar og «folk flest»?
Kl. 13.30 Avslutning og oppsummering.

Foto av villrein: Per Jordhøy