botheim

Bjørnsonstipendet til Guri

Guri Sørumgård Botheim fra Lesja mottar Bjørnsonstipendet 2024. Stipendet er på 30.000 kroner og skal gå til en forfatter det er grunn til å knytte betydelige forventninger til. Utdelingen skjer under åpningen av Bjørnsonfestivalen i Molde 4. september kl. 15.00. 


Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) har tidligere gitt ut romanen Ramstein pensionat (skrevet sammen med søsteren Sigrid i 2009) og diktsamlingen Heime mellom istidene (2016). I fjor kom den kritikerroste romanen Høgfjellsmeldinga, og publikum fikk for alvor opp øynene for forfatteren fra Lesja.

– Eg er stolt over å få tildelt Bjørnsonstipendet, og eg er glad på vegner av romanen min, Høgfjellsmeldinga. Eg brukte over fem år på å skrive boka, og da ho var ferdig, innsåg eg at det var ein politisk roman, sier Botheim om tildelingen.

– Kva om Bjørnson hadde levd i dag? Da ville han hatt mange saker å engasjere seg i! Eg meiner at forfattarane har ei viktig rolle når det gjeld å finne ord og måtar å omtala dei store og komplekse menneskeskapte problema. Vi treng eit kvardagsspråk for kunna forstå og for å kunna kjenne engasjement.

Kjærlighet og villrein
I Høgfjellsmeldinga møter vi Ragna Svae som flytter til Hjerkinn for å jobbe som kommunikasjonsansvarlig ved Norsk Villreinsenter. Der skal hun skrive en utredning om villreinens utfordringer samtidig som hun baler med eget kjærlighetsliv.

Høgfjellsmeldinga er både viktig, spennende, morsom og særdeles godt skrevet. Romanen utforsker kjærligheten mellom mennesker, men også relasjonen vår til natur og dyreliv. Villreinen i Guris hjemtrakter Dovrefjell har en viktig rolle i romanen, og forfatteren stiller spørsmål ved vår rett til å bygge ned naturen og ta fra dyra leveområdene sine, sier festivalsjef i Bjørnsonfestivalen Johild Kosberg Bredin.

– Med Høgfjellsmeldinga viser Guri Sørumgård Botheim frem en solid penn og en engasjerende fortellerstemme. Jeg håper Bjørnsonstipendet kan bidra til at flere oppdager bøkene hennes – og gi Botheim tid og rom til å utvikle forfatterskapet sitt videre. Erfaringsmessig peker Bjørnsonstipendet ut forfattere det er verdt å følge med på videre, sier Anne Schiøtz, direktør i Bokhandlerforeningen.

Guri Sørumgård Botheim har hovedfag i allmenn litteraturvitenskap fra NTNU og har gått på Forfatterstudiet i Bø. Hun arbeider som rådgiver i Norsk Forfattersentrum.

Bjørnsonstipendet ble etablert i 1997, og deles ut av Bokhandlerforeningen, Den norske Forfatterforening og Bjørnsonfestivalen. Stipendet deles ut under åpningen av Bjørnsonfestivalen i Molde, onsdag 4. september.

Tidligere mottakere av Bjørnsonstipendet: 

Guri Sørumgård Botheim føyer seg inn i en lang rekke av begavete stipendmottakere: Mazdak Shafieian (2023), Odd Eirik Sætre Færevåg (2022), Sandra Lillebø (2021), Ingvild Schade (2020), Maria Navarro Skaranger (2019), Therese Tungen (2018), Marianne Clementine Håheim (2017) Tiril Broch Aakre (2016) Anna Kleiva (2015) Ida Hegazi Høyer (2014) Eivind Hofstad Evjemo (2013) Erlend O. Nøtvedt (2012) Jan Roar Leikvoll (2011) Sigmund Løvåsen (2010) Inger Bråtveit (2009) Vemund Solheim Ådland (2008) Mirjam Kristensen (2007) Gunnhild Øyehaug (2006) Endre Ruset (2005) Carl Frode Tiller (2004) Johan Harstad (2003) Mathias Faldbakken (2002 Steinar Opstad (2001) Annette Mattsson (2000) Karl Ove Knausgård (1999) Steinar Løding (1998) og Erlend Aas (1997).

Ein prislapp på villreinen?

Villreinen kan gjeva oss nyttige perspektiv. Arten peiker ut nokre av dei største menneskeskapte problema i tida vår.

Kronikk av Guri Sørumgård Botheim, publisert i Adresseavisen.
Heile kronikken les du her: Adresseavisen 20.12.23

Villreinen dannar bakteppe for handlinga i romanen min, Høgfjellsmeldinga. Undervegs i skriveprosessen gjekk det opp for meg at mange har mindre kunnskap om villreinen enn eg trudde.

Kvifor er arten så viktig for oss? Om det ikkje hadde vore for villreinen, er det lite sannsynleg at eg hadde vore til og kanskje hadde heller ikkje du som les dette vore til. Da istida tok slutt, følgde vi etter villreinen. Reinen var ein stor del av kosthaldet, livsgrunnlaget og kulturen til forfedrene våre. Villreinen har gjeve oss livet.
(…)
Den vanskelege situasjonen til villreinen heng saman med korleis vi strukturerer samfunnet vårt. For å skaffe seg nok mat, treng reinen å bevege seg fritt over store areal. Etter kvart som vi har bygd ned meir og meir av naturen, med kraftindustri, vegar, idrettsanlegg, hus og hytter, så innskrenkar og stykkar vi opp leveområda til reinen, det gjeld både villreinen og tamreinen. For 100 år sidan var halvparten av landet vårt villmark. I dag har vi berre att 11,5 %.

Kva er verdiane våre? Er det firefelts motorvegar, oljepengar og vindmøller vi vil at etterkommarane våre skal arve frå oss? 
(…)
Vi trur at det vi driv på med er framsteg og utvikling – vi er heilt innsausa i den retorikken – men i realiteten bidreg vi til småe og store arealendringar. Vi høvlar bort naturen og byggjer vegar og hus. Det er lett å kjenne seg makteslaus i møte med utbyggingskreftene, for vi er jo i stor grad fanga av samfunnet vårt – både i infrastrukturen og i verdiane. Korleis i all verda kan vi kritisere velstandsutviklinga, velferdsstaten eller den nye, trygge motorvegen?

For to-tre generasjonar sidan kunne alle som budde i bygde-Norge å dyrke, hauste og konservere maten sin. Eg trur ettertida vil dømme oss hardt for måten vi på få generasjonar har rasert enorme naturområde og sloppe kunnskapen om skånsam hausting og konservering av mat rett ut av hendene våre.
(…)
Kor mykje det vil koste å ta vare på villreinen, er eigentleg irrelevant. Det vil uansett koste meir å miste han.

Høgfjellsmeldinga – nå som lydbok

Systrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim er aktuelle med eit nytt samarbeid. Sigrid har nemleg lese inn lydbokversjonen av romanen til Guri, Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober 2023). Systrene har mange samarbeid bak seg. I 2009 gav dei ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til Dag og Tid. Dei er òg kjente for performanceliknande opplesingar.

Måtte vera rett dialekt
Handlinga i Høgfjellsmeldinga er lagt til Hjerkinn på Dovrefjell. Hovudpersonen, Ragna, kjem frå Kjøremsgrende i Lesja. Det er mykje dialog i romanen, og Sigrid les replikkane til Ragna på dialekt. Resten av teksten blir lesen på nynorsk, med Lesja-dialekta lurande i tonefallet.

– Eg er utruleg glad for at Sigrid ville lesa inn lydboka, seier Guri. Det var viktig å bruke nokon med rett dialekt. Stadnamna lesast med lokal uttale! Sigrid var den beste til å gjera dette, også fordi ho skjønner boka utruleg godt og kan få fram dei ulike nyansane: det poetiske, det spennande, det indignerte, det satiriske og ikkje minst det humoristiske.

Lærerikt og veldig gøy
Sigrid las inn Høgfjellsmeldinga hjå Leirbålet lydproduksjon med lydteknikaren Roald Madland. Det tok 25 arbeidstimar å lesa inn den 8 timar lange lydboka. Sigrid har erfaring frå NRK radio, ho er utdanna musikar og litteraturvitar og arbeider til vanleg i Språkrådet. Dette var den fyrste lydbokinnlesinga hennar.

– Det er jo alltid litt skummelt å gjera ting ein ikkje har gjort før! Men Roald var veldig roleg og proff, så eg følte meg godt ivareteke frå start. Å lesa inn lydboka var intenst, lærerikt og veldig gøy.

– Kva var mest utfordrande med innlesinga?
– Det er mange karakterar i Høgfjellsmeldinga, og det var utfordrande å veksle mellom alle desse. Sjølv om eg ikkje varierer så mykje i stemmebruken mellom dei ulike karakterane, måtte eg ha ein idé inni meg om korleis dei ulike personane pratar og oppfører seg. Eg måtte føle dei inni meg. Det var òg utfordrande å lesa med god variasjon, både i tempo og i ulike stiluttrykk. Samtidig synest eg det var viktig å ikkje overdrive eller å gjera narr av karakterane.

Personalseminar og kontorhumor
– Har du endra syn på noko i romanen etter å ha lese heile høgt?
– Eg har fått opp augo for August. Tidlegare har eg tenkt at han har ei viktig birolle som sjef for Ragna og leiar av Villreinsenteret. Men personen August er også interessant. Han har spontane reaksjonar og eit språk det er godt å lesa høgt. Eg likar måten han brukar natur- og blomstermetaforar for å skildre ting og personar. Og så er han ein veldig god sjef for Ragna. Eg likar også Tundra, ho er ein av dei som gjev Ragna ein del motstand utan å vera ein fiende. Det er bra å ha ein jurist på laget!

– Det var også fleire kontorscener som eg og Roald måtte humre av i løpet av innlesinga. Det er mykje humoristisk jobbprat som det er lett å kjenne seg att i! Kven har vel ikkje vore på personalseminar for å diskutere visjonar og mål?

Meir om Høgfjellsmeldinga: her

Sigrid Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og bur i Oslo. Ho er utdanna klassisk pianist, litteraturvitar og journalist og arbeider til dagleg som seniorrådgjevar i Norsk språkråd. Som barn spela Sigrid og systera Guri firehendig piano i lag, og har sidan hatt ei rekkje samarbeid. I 2009 gav Sigrid og Guri ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til avisa Dag og Tid. Dei er kjente for performanceliknande framføringar. I 2013 var systrene festspeldiktarar ved Dei nynorske festspela saman med Lars Petter Sveen.

Bokomslag: Sigurd Brørs

Selfie på tråppa. Sigrid og Guri. Veslesyster og storesyster.

Heime mellom istidene

Kva vil det seia å kjenne seg heime?
I denne diktsamlinga undersøker Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til heimplassen, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende. I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å laga seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.

Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen.

Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.

Kjøp Heime mellom istidene på tilbod til kr 225,- (+ porto). Forfattaren signerer boka.
Send e-post med bestilling til: guri@guriheim.no

Presseoppslag:
Intervju i Dagsavisen 27.04.16
Intervju i Adresseavisen 27.04.16
Diktafon NRK P2 30.04.16
Intervju i Framtida 03.05.16
Intervju i Vigga 10.05.16
Intervju i GD 16.06.16
Maddam, Karen Golmen 13.05.15
Tones bokmerker 22.05.16

Sagt om boka:
Det er blitt ein tankevekkjande lyrisk debut om eit liv. Botheim har mot til å seie noko anna. Ho
skriv innanfrå, er personleg og ærleg, upretensiøs og kjenslevar. Det neddempa språket, berre avbrote av gjennomsiktige metaforar, gjev inntrykk av alvor. At ho så ope verdset forfedrane og tradisjonen, naturen og heimstaden, gjev henne ein sjølvstendig og motstraums posisjon i dagens samtidslyrikk.
Tore Elias Hoel i Dag og Tid 03.06.16

Den boka er så sjukt relatable
Karen Golmen på bloggen Maddam 13.05.16

ei av dei finaste diktsamlingane som er skrive i Noreg dei siste 10 åra. Dikta i Heime mellom istidene (2016) prøver å formidle kva ein heim er. I byen knyter heimekjensla seg til inneromma, medan i ei fjellbygd er det uterommet som gir heimekjensle. Minne ligg lagra i terrenget og det er godt å vera i det same landskapet som slekta før har brukt og budd i.
Espen Tørset i Norsk Tidend nr. 3, juni 2023