Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta i 2021 til Dombås, nær heimplassen, etter mange år i Trondheim. Ho debuterte som forfattar med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid.
Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om heilt særeigne, men akk så normale menneske. Her møter vi Sigurd Sørheim som spionerer på storesyster Debbey. Når Debbey ein dag arvar eit gamalt pensjonat, dukkar det opp både løyndommar og mannlege beundrarar. Ramstein pensionat handlar om einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg.
I 2011 gav Sigrid og Guri ut boka Søsken i lag med søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Ei rekkje bidragsytarar undersøkjer søskenskapet med varme og humor – og frå ulike perspektiv. Søsken er ei vakker gåvebok, designa av Øystein Vidnes og med foto av Benedikte Skarvik.
Diktsamlinga Heime mellom istidene (Samlaget 2016) er ei undersøking av kva det vil seia å kjenne seg heime. Boka handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.
Romanen Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober) vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva?
I 2013 var Guri festspeldiktar på Dei nynorske festspela i lag med Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen. Systrene Sørumgård Botheim var faste humorskribentar for «Innsida» i vekeavisa Dag og Tid i nesten ti år. Guri mottok Diktardagarprisen i 2016 og Bjørnsonstipendet i 2024.
Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider deltid som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.