Kontakt

Guri Sørumgård Botheim
E-post: guri(at)guriheim.no
Tlf.: 970 31 624
Høgoppløyseleg forfattarportrett kan lastast ned her: Høgfjellsmeldinga (oktober.no)
Fotograf: Benedikte Skarvik

Forfattarbesøk

Eg tek gjerne på meg oppdrag som opplesingar og samtaler. Eg kan òg brukast til å leie samtaler med andre forfattarar. Det går an å bestille meg i lag med mannen min, Sigurd Brørs, som er låtskrivar og musikar. Han har komponert ein song som høyrer til romanen Høgfjellsmeldinga.

Minstesatsar for honorering av forfattaroppdrag finn du her: Minstesatsar – Forfattersentrum

Kort presentasjonstekst:

Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja. I 2009 gav ho ut romanen Ramstein pensionat i lag med systera Sigrid. Systrene er kjent for performanceliknande framføringar og leverte i ein tiårsperiode humortekstar til Innsida i Dag og Tid. I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime. Romanen Høgfjellsmeldinga (2023) vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri er utdanna litteraturvitar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Ho flytta i 2021 frå Trondheim til Dombås i lag med mannen Sigurd Brørs.

Sigurd Brørs kjem frå Surnadal. På dagtid er han grafisk designar i trondheimsfirmaet Headspin. På kveldstid er han låtskrivar og musikar. Sigurd var i mange år primus motor i pop-banda Karl Barx og The Brørs i Trondheim. Han har blant anna gjeve ut CD-en «Pappapop». Sigurd har laga songen «Fjell og vilje», lydsporet til romanen Høgfjellsmeldinga. Sigurd har òg laga omslaget til boka.