Det var ei stor overrasking og ei stor ære å motta Diktardagarprisen for 2016! Her er den vesle takketala eg heldt på festkvelden på Diktardagane i Lom laurdag 3. september:
Tusen takk for Diktardagarprisen 2016! Det var ei stor overrasking og ei stor ære for meg.
Eg vart ekstra stolt da eg såg kven som har fått prisen før, Gyrid Axe Øvsteng og Anna Kleiva. Det er stas at vi er ein ny generasjon forfattarar frå Gudbrandsdalen. Eg meiner at vi har eit godt utgangspunkt for kreativ skriving i Nord-Gudbrandsdalen med ein sterk forteljartradisjon, med dialekten vår og eit nynorsk skriftspråk. Det er viktig at vi tek vare på det vi har, slik at vi kan bruke det til å skapa ny kunst og ny litteratur.
Tusen takk til Diktardagane som viser at bygda og lyrikken frå bygda er sprell levande!
Guri Sørumgård Botheim
Her kan du lesa meir om Diktardagarprisen 2016: grunngjeving