Humor og alvor

Heitt eller keitt 2017

Her er ein smakebit frå årets fyrste Innside i Dag og Tid. Tradisjonen tru fortel vi kva som blir moderne framover.

Haustrefleksjon

Det er skummelt å bevege seg ute i haustmørkret. Mange farar lurar, som halloweenungar, klovnar, Justin Bieber, ulvar, hakkespettar, elgar og dopingjegerar. Det hadde vore tryggare om alle brukte refleks, eller?

Heimlaus i Halmstad

Etter at Sigrid gjekk høgt ut i den førre Innsida i Dag og Tid og skrytte av det lave klimagassutsleppet sitt, følte ho eit ansvar for å følgje opp det gode resultatet. Så da ho skulle på seminar i København førre helg, var ei togreise kjøpt frå Svenska Järnvägen det einaste reisealternativet. Her fortel Sigrid om korleis det gjekk.

Klimarekneskapen

Vi har fylt ut klimakalulatoren til Sigrid og til Åge Aleksandersen (med påhalden penn). Sjekk resultata her! 

Bixit etter Brexit

Har Bixit fått ein real opptur etter Brexit?  Kjeksen Bixit har vore anonym i mange år. Men nå dukkar plutseleg Bixit opp overalt.

Sommartid = ryddetid

Korleis greier alle andre å halde det ryddig, medan det alltid er rotete heime hjå deg sjølv? Det er kanskje eitt av mange spørsmål du har stilt deg i ferien. Fortvil ikkje, her er eit fyrstehjelpsskrin.