Har Bixit fått ein real opptur etter Brexit?
Kjeksen Bixit har vore anonym i mange år. Men nå dukkar plutseleg Bixit opp overalt.
Den blir knaska på i offentlege rom og er til og med på fjernsynsreklame. Emballasjen er uendra, i dei britiske fargene blå, kvit og raud. Kan det vera at Bixit har fått seg ein opptur etter Brexit? Dei to merkenamna er til forveksling like – og all reklame er god reklame. Er Bixit er spesielt populær blant dei som støtta Brexit, har det vorte ein motstandskjeks? Eller er etarane politisk uavhengige?
Sigrid tok kontakt med kjeksprodusenten for å få dokumentert svar.
Marthe H. Bogerud Schomacker, Senior Kommunikasjonsrådgjevar i Orkla, stadfestar at dei har lagt merke til at Bixit har blitt nemnt i samband med Brexit fordi ordlyden liknar og fleire synest det er ei morosam kopling. Schomacker er usikker på om koplinga har påverka salet, men har ikkje inntrykk av det. Utover det har dei ikke kjennskap til om Bixit er brukt av den eine eller andre sida i saka.
Du finn fleire klikkvennlege papiravissaker på Innsida i Dag og Tid 19.08.16.