Vi lurer litt på all denne entusiasmen, alt gnafset om å finne liv på andre planetar. Kva er det eigentleg folk ser for seg? (meir…)
guri
Gjensyn med låkpåsån
Vi har tidlegare skrive om «låkpåsån» til Sigrid – eit fenomen som blant anna oppstår i flytteprosessar. Her kjem eit gjensyn.
Stygg genser
«I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til.» (meir…)
Falske nyheiter
Den siste tida har det vorte populært med såkalla falske nyheiter. Det er praktisk å berre finne på sine eigne saker om ein ikkje er fornøgd med sanninga. Men vi synest nivået på dei falske nyheitene er litt lavt. Kvifor laga keisame saker når ein kan finne på kva som helst? (meir…)
Opp ned, bak fram
Det er lett å tru at etablerte sanningar faktisk er sanne. Men nokre gonger kan det vera lurt å sjå ting opp ned for å utfordre sine eigne syn. I Innsida i Dag og Tid kan du lesa gode eksempel på dette. Kva skjer om bordbrikka og isskrapa byter plass? Visste du at det finst ein opp-ned-hybel i Førde? (meir…)
Heitt eller keitt 2017
Her er ein smakebit frå årets fyrste Innside i Dag og Tid. Tradisjonen tru fortel vi kva som blir moderne framover. (meir…)
Fantasiboka
Da eg kom heim frå sjukehuset etter å ha fått ei dotter, låg den heilt nye Fantasiboka i postkassa mi. Det passa bra, for i Fantasiboka har eg skrive min aller fyrste barneboktekst. (meir…)
Haustrefleksjon
Det er skummelt å bevege seg ute i haustmørkret. Mange farar lurar, som halloweenungar, klovnar, Justin Bieber, ulvar, hakkespettar, elgar og dopingjegerar. Det hadde vore tryggare om alle brukte refleks, eller? (meir…)
Heimlaus i Halmstad
Etter at Sigrid gjekk høgt ut i den førre Innsida i Dag og Tid og skrytte av det lave klimagassutsleppet sitt, følte ho eit ansvar for å følgje opp det gode resultatet. Så da ho skulle på seminar i København førre helg, var ei togreise kjøpt frå Svenska Järnvägen det einaste reisealternativet. Her fortel Sigrid om korleis det gjekk. (meir…)
Kveldssetu med Guri Sørumgård Botheim
Søndag 25. september kl. 19.00
Lesja bygdatun, Bellestugu
Gratis inngang
Guri Sørumgård Botheim les og fortel om diktsamlinga Heime mellom istidene. Ho tek gjerne imot spørsmål om boka og skriveprosessen. Etterpå blir det kaffe og lett servering. Sal av bøker.
Velkomen til ein triveleg kveld!
Arrangør: Venneforeininga for Lesja bygdatun, Lesja historielag og Samlaget
Om Heime mellom istidene
I diktsamlinga Heime mellom istidene undersøker Guri kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til Lesja, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende.
I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å lage seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.
Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen. Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.
Om Guri
Guri kjem frå Lesja og bur i ei 1950-talsblokk i Ila i Trondheim. Ho debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv fast humorspalte i Dag og Tid. Guri arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Heime mellom istidene er den fyrste diktsamlinga hennar.