2024:
Laurdag 16. november
Bok i Valdres
GJENNOMFØRTE:
Torsdag 24. september, Aurland bibliotek
Forfattarforedrag og villreinskveld
Velkommen til ein kveld med fokus på naturtap og villrein! Korleis me bygger ned naturen, kva som skjer med dyra som er avhengige av den, og kva me kan gjere for å få den tilbake!
Marit Beate Kasin kjem med boka Naturparadokset og Guri Sørumgård Botheim kjem med sin roman, Høgfjellsmeldinga. I tillegg får me besøk av Harald Skjerdal som kjem med informasjon om reetablering av villrein på Nordfjella sone 1.
Onsdag 23. september, Lærdal folkebibliotek kl. 18
Naturtap og naturkrise – Kva kan me gjere?
Forfattarkveld med Guri Sørumgård Botheim og Marit Beate Kasin. Dei vil sjå på korleis me bygger ned naturen, kva som skjer med dyra som er avhengige av den, og kva me kan gjera for å få den tilbake.
Søndag 6. oktober, Otta
100-årsjubileum for Norman Heitkøtter
Program her.
Vi markerer at det er 100 år siden «Rondane nasjonalparks far» ble født og inviterer til et tilbakeblikk på Norman Heitkøtters liv og virke i Sel. Samtidig retter vi blikket mot dagens utfordringer og muligheter for våre nære fjellområder.
Arrangør: Bevar villreinen i Rondane
Tysdag 1. oktober, Lillehammer bibliotek og litteraturhus
Kven bestemmer?
Samtale mellom geograf Frode Flemsæter og forfattar Guri Sørumgård Botheim.
Nordmenn har eit sterkt forhold til fjellet og utmarka. Vi haustar og sankar, byggjer og bur. Ikkje sjeldan oppstår konfliktar om rett og gal bruk. Men kven er det som bestemmer og regulerer bruken av naturen?
Arrangementet er del av samfunnsrolleprosjektet «Eit skigardsdele» om utmarka i endring, og skjer i samarbeid mellom fleire museum i Innlandet.
Laurdag 14. september kl. 09 og kl. 17, Utladalen
Vandreseminaret 2024: Villreinen og vår bruk av fjellet
Bli med på vandring. Med forfattar Guri S. Botheim og biolog og fotograf Arne J. Mortensen.
Filmvising og litterært arrangement i Utladalen nasjonalparksenter kl. 17.00
Arrangørar: Utladalen nasjonalparksenter, Årdal turlag, Årdal Jeger og Fiskeforeining, Årdal fjellstyre, For folk og fjell, Vest-Jotunheimen villreinutval, Naturvernforbundet Indre Sogn.
Onsdag 4. – torsdag 5. september, Molde
Bjørnsonfestivalen
Onsdag 4. sep kl. 15: Opning av festivalen: Utdeling av Bjørnsonstipendet
Onsdag 4. sep kl. 19. Kjærleik og kamplyst. Marte Spurkland i samtale med Helene Guåker og Guri Sørumgård Botheim.
Torsdag 5. sep kl. 08: Fole god bok til frokost. Guri Sørumgård Botheim tipsar om engasjerande bøker om natur.
Torsdag 20. juni kl. 18, Randsfjordmuseet
Kven bestemmer?
Samtale mellom Frode Flemsæter og Guri Sørumgård Botheim.
Onsdag 19. juni, Lom folkebibliotek
Kven bestemmer?
Samtale mellom Frode Flemsæter og Guri Sørumgård Botheim.
Tysdag 28. mai kl. 19, Vang folkebibliotek
Kven bestemmer?
Samtale mellom Frode Flemsæter og Guri Sørumgård Botheim.
Fredag 15. mars, Miljødirektoratet i Trondheim
Boklunsj. Internt arrangement for tilsette.
Torsdag 14. mars kl. 13, Fana bibliotek
Forfattarsamtale med Guri Sørumgård Botheim
Onsdag 13. mars kl. 18, Sentralbadet litteraturhus i Odda
Kampen om naturen
Amalie Kasin Lerstang og Guri Sørumgård Botheim i samtale om dei nyaste romanane sine og om enkeltmenneske si påverkingskraft.
Fredag 23. februar, Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Dombås.
Forfattarbesøk ved skulen
Alle elevane ved skulen las Høgfjellsmeldinga før besøket.
Onsdag 21. og torsdag 22. februar, Tunstugu, Lesja bygdemuseum
Fjellseminar på Lesja
Arrangør: Bevar Dovrefjell mellom istidene
2023:
Torsdag 30. november, Norsk fjellsenter i Lom
Bokbad med Guri Sørumgård Botheim
Det blir samtale om Høgfjellsmeldinga mellom forfattar Guri Sørumgard Botheim og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek. Musikar Sigurd Brørs set stemninga med songen «Fjell og vilje» som er komponert til boka.
Arrangør: Lom folkebibliotek og Norsk fjellsenter
Laurdag 11. november kl. 15, Kimen kulturhus, Stjørdal
Forfattarbesøk, Guri Sørumgård Botheim: Høgfjellsmeldinga
Arrangør: Stjørdal bibliotek og Stjørdal mållag
Onsdag 1. november kl. 19, Orkanger vgs.
Kulturkveld med Guri Sørumgård Botheim og Erlend Skjetne.
Arrangør: Trønderlaget
Måndag 30. oktober kl. 19, Dovre folkebibliotek, Dombås
Å skrive seg heim
Guri Sørumgård Botheim om den nye romanen «Høgfjellsmeldinga».
Guri har skrive om heltar og skurkar i eige heimfjell. Korleis gjer ein det når ein skal skrive om noko så nært? I samtale med biblioteksjef Signe Thoresen Rolstad.
Søndag 22. oktober kl. 19, Avdemsbue, Lesja
Kombi-konsert med Jo Sverre og Sigurd Brørs
Visepopsongaren JO SVERRE kjem frå Rindal på Nordmøre og er kanskje ein av Norges mest kjente, ukjente artistar. Med hundrevis av konsertar og eit tosifra antal låtar lista på NRK P1 og P3, er sjansen stor for at du har høyrt musikken hans, deriblant radiohitane «Ka Om», «Takka fer det oss ha fått» og «Luftslott».
SIGURD BRØRS kjem frå nabobygda Surnadal, men gjorde i 2021 dombæsing av seg. I 2023 har han markert seg lokalt med songane «Fjell og vilje» – sunge i lag med Martine Haugen – og «Urd» – framført i lag med Bjørn Sigurd Glorvigen under inviinga av utsiktspunket Rullesteinen 18. august.
Spesiell gjest, forfattaren GURI SØRUMGÅRD BOTHEIM, er gift med Sigurd. I mars 2023 gav ho ut romanen «Høgfjellsmeldinga». Sigurd laga omslaget til boka, og dei to samarbeidde om teksten til «Fjell og vilje».
Tysdag 17. oktober kl. 19, Kristiansand
Kan skjønnlitteratur påverke? Om skriving, villreinen og respekt for naturen
Arrangør: Mållaget i Kristiansand
Torsdag 12. oktober, Rudi gard, Sør-Fron
Evige jaktmarker. Utstilling, foredrag og lesing
Foto og video ved Arne Johs. Mortensen. Både i diktsamlinga Heime mellom istidene (Samlaget 2016) og i romanen Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober 2023) skriv Guri om fjellengt og minne som ligg lagra i landskapet, om respekt for naturen og villreinen. Guri les utdrag frå bøkene.
Torsdag 5. oktober, Stolt mat, Sjøholt, Ørskog
Forfattarkveld med Guri Sørumgård Botheim
Informasjon og billettar: her
Laurdag 2. september kl. 9–15, Lom kulturhus
Diktardagar | Litteraturseminaret
Tema: Den samfunnsengasjerte forfattaren. Med Jan Inge Sørbø, Åsne Seierstad, Ragnhild Kolden, Brit Bildøen og Guri Sørumgård Botheim. Foredrag og debatt. Programvert er Håvard Teigen.
Guri Sørumgård Botheim held foredraget «Kven er fjellet sine heltar og skurkar?»
Les meir: her.
Fredag 1. september kl. 14.00–14.45, Vågå bibliotek
Diktardagar | Forfattarbesøk på biblioteket
Program: her
Laurdag 12. august kl. 14, Fjaler, Jakob Sande-senter for forteljekunst
Fest i Fjaler
Brit Bildøen og Guri Sørumgård Botheim i samtale med Marit Eikemo, om vår plass i naturen, om naturrestaurering og om uvêret i oss. Program: her.
Laurdag 29. juli kl. 20, Lesja bygdemuseum
Olsokfeiring
Innhaldsrik olsokfeiring med mange programpostar. Guri les og fortel om eigne bøker.
Arrangør: Lesja historielag
Laurdag 1. juli kl. 12.10–15.00, Besøkssenter villrein – Hjerkinnhusvegen 33
Hjerkinndagen
Fullt program: her
Guri sel romanen Høgfjellsmeldiga i ein mini pop-up villreinbokhandel.
Arrangør: Norsk villreinsenter m.fl.
Laurdag 27. mai kl. 13, Surnadal kulturhus
Vårsøghelga
Boksøg med Guri Sørumgård Botheim og Svein Sæter. Musikalsk innslag ved Sigurd Brørs.
Torsdag 11. mai kl. 19, Litteraturhuset i Trondheim
Litterære løsninger på naturkrisen. Med Guri S. Botheim & Kristin A. Danielsen
Kristin Auestad Danielsen og Guri Sørumgård Botheim møter universitetslektor ved NTNU Hanna Malene Lindberg til samtale.
Onsdag 10. mai kl 19, Litteraturhuset i Bergen
Utvekslingsstudie | Om naturtap med Bernhard Ellefsen og Guri Sørumgård Botheim
Samtale leia av doktorgradstipendiat Solveig Helen Lygren.
Laurdag 6. mai kl. 12, Tunstugu, Lesja bygdemuseum
Bokslepp for Høgfjellsmeldinga
Med Martine Haugen, Sigurd Brørs, Kjersti Instefjord, Knut Aastad Bråten, Dovrefjell disharmoniske selskab og Guri Sørumgård Botheim. Kaffedrikking, boksalg og signering.
Arrangør: Forlaget Oktober i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea og Lesja og Dovre dialekt- og mållag
Fredag 10. mars 2023, Oppdal kulturhus
Ope folkemøte om villrein
Guri Sørumgård Botheim les frå romanen Høgfjellsmeldinga. Norsk villreinsenter deltek. Svein Sæter fortel om sakprosaboka Kampen om Dovrefjell. Diskusjon.
Arrangør: Bevar Dovrefjell mellom istidene
Tysdag 7. mars 2023, Lesja bibliotek
Årsmøte i Lesja og Dovre dialekt- og mållag
Årsmøtesaker. Guri Sørumgård Botheim les og fortel om forfattarskapen sin.
Tysdag 21. februar 2023, Litteraturhuset i Oslo
Mellom istidene – eit seminar om Europas siste villrein
Program her
Guri Sørumgård Botheim les frå diktsamlinga Heime mellom istidene og den komande romanen Høgfjellsmeldinga.
Arrangør: Bevar Dovrefjell mellom istidene
2022:
28. desember 2022, Dovre kyrkje
Dovrejul – Vinterljoset
Diktopplesing på konserten Dovrejul i Dovre kyrkje, med Per Arne Glorvigen, Bjørn Sigurd Glorvigen, Orkester Innlandet m.fl. Spesialbestilt tekst til urframføringa av verket «Dying fallings of sweet airs» av Bent Sørensen.
2020:
27. august 2020, Innlandet fylkesbibliotek
Forfattarmøte i Innlandet
Digitalt intervju og opplesing den nyskrivne teksten «Innlandet er ein oppoverbakke», saman med Sigrid Sørumgård Botheim.
2019:
Laurdag 31. august 2019 , Diktardagar, Lom
Å lengte til fjells – festtale
2017:
Fredag 22. september 2017 kl. 20, Litteraturhuset i Trondheim
Heimelaga lyrikk, musikk og grafikk ved Botheim og The Brørs
Haustseminar 2017: Kva skal vi med sidemål i Trøndelag?
Arrangør: Noregs Mållag
Fredag 2. juni 2017, Stormen bibliotek og konserthus i Bodø
Det vilde ord: Litterær fredag
Framføring av korverket Fjellkjelda med Vocal Art og Per Arne Glorvigen, med tekstar av Anna Kleiva og Guri Sørumgård Botheim.
2016:
Søndag 25. september 2016 kl. 19, Lesja bygdatun
Kveldssetu med Guri Sørumgård Botheim
Guri les og fortel om diktsamlinga Heime mellom istidene.
Arrangør: Venneforeininga for Lesja bygdatun, Lesja historielag og Samlaget
Fredag 21. oktober 2016 kl. 09.00, Norsk design- og arkitektursenter DOGA
Tilhørighet til landskap – NLAs Høstkonferanse 2016
Om stedstilhørighet, poetisk innslag
Arrangør: Norske landskapsarkitekters forening (NLA)
Fredag 16. september 2016 kl. 20, Harpefoss Hotell, Sør-Fron:
Harpefoss poesifestival
Opplesingar med Julie Sten-Knudsen, Guri Sørumgård Botheim og Gunnar Wærness
Laurdag 10. september 2016 kl. 11, Ulvik folkebibliotek:
Ulvik poesifestival
Opplesing og samtale med Catherine Blaavinge Bjørnevog og Guri Sørumgård Botheim.
Arrangør: Olav H. Hauge-senteret
Laurdag 3. september 2016:
Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå
Tema: Bygda
Her fekk eg tildelt Diktardagarprisen 2016. Takketala kan lesast her.
Søndag 14. august 2016 kl. 13.00, Kvamsfjellet ved Rondablikk:
Høgfjellskonserten «Ved Rondane»
Med Charlie Siem, Det Norske Solistkor og Per Arne Glorvigen. Urframføring av verket «Fjellkjelda» komponert av Per Arne Glorvigen med tekstar av Anna Kleiva og Guri Sørumgård Botheim.
Fredag 29. juli 2016 kl. 20.00, Lesja bygdemuseum:
Olsokfeiring
Festtale av Sigrid og Guri Sørumgård Botheim. Arrangør: Lesja Historielag
Fredag 24. juni 2016 kl. 17.00–18.30, Ivar Aasen-tunet, Ørsta:
Heime – hæm
Konsert og lyrikk med: Frode Haltli, Ingebjørg Loe Bjørnstad, Guri Sørumgård Botheim, Ruth Lillegraven.
Tysdag 3. mai 2016 kl. 19.30, Digs, Olav Tryggvasons gate 30, Trondheim:
Dobbeltslepp. Guri S. Botheim + The Brørs
Guri Sørumgård Botheim lanserer diktsamlinga Heime mellom istidene. Sigurd Brørs lanserer musikkprosjektet The Brørs sesong 1. Opplesingar og konsert. Sigrid Sørumgård Botheim er konferansier.