La villreinen leva!

– Det er vår plikt å berge villreinen, seier Bjarte Hestdalen frå Vinje. Han er leiar i den nystifta organisasjonen La villreinen leva! Guri Sørumgård Botheim frå Lesja er nestleiar. La villreinen leva! er den første landsomfattande organisasjonen i sitt slag.

– Det er på høg tid at grasrota organiserer seg for å ta vare på den unike villreinen og leveområda hans. Gir du villreinen eit godt vern, tek du samtidig vare på mange andre artar i området, seier Bjarte Hestdalen.

Norge er det siste landet i Europa med vill fjellrein. Samtidig lyser faresignala: villreinen er på raudlista som nær trua, og tilstanden i seks av ti nasjonale villreinområde får karakteren «dårleg».

– Villreinen er dyret som har klatra så høgt det kan for å overleva, men som ikkje kjem høgare. Det tronar på toppen av fjella og er ikkje berre symbolet på vår naturarv, men eit barometer på heile økosystema, seier Hestdalen.

Vegar, kraftbyggingar, hytter, menneskeleg ferdsel splittar opp og sperrar for reinen i alle dei 24 fjellområda i Sør-Norge. Tidlegare kunne villreinen vandre fritt mellom mange av desse.

La villreinen leva! vil at reinen skal prioriterast først i alle saker som kan påverke dyra og leveområda. Kunnskapsgrunnlaget er solid og godt dokumentert over fleire tiår frå Norsk villreinsenter, Nina med fleire.

 Foreninga skal bruke utestemme og krevja plass rundt det politiske bordet for villreinfjella. Vi håpar mange vil følgje arbeidet vårt og engasjere seg for villreinen. Saman kan vi gjere ein stor forskjell, styreleiar Bjarte Hestdalen frå Vinje.

Følg La villreinen leva! på Facebook og på Instagram

Dette er styret i La villreinen leva:
Bjarte Hestdalen (leiar) Vinje, Guri Sørumgård Botheim (nestleiar), Dombås, Jon Bakke, Fana, Rigmor Solem, Vang i Valdres og Jan Øvregård, Røldal. Gro Heitkøtter, Otta, og Asle Øydvin, Eidfjord, er varamedlemmer.